Redaksjonen storkoste seg. Det gjorde Ratatosk òg.
Ein dramatisk følgjetong i sju delar frå Ratatosk litterært byrå
Dei to første kapitla i den nervepirrande serien ligg alt ute. Løp og les!
Sleppfest for antologien Søsken (Ratatosk og Det Norske Samlaget)
Torsdag 29. september feirar vi boka med show og opplesingar i Lobbyen til Verkstedhallen på Svartlamon, Trondheim. Ta med søskena dine og kom på fest! (Programmet blir oppdatert, følg med!)
- Performance ved redaktørane
- Opplesing ved Marita Liabø
- Brødremusikk ved Brødrene Smalås/Lorenzen
OM BOKA
Guri Sørumgård Botheim
Sigrid Sørumgård Botheim
Kjersti Rognes Solbu
Ingrid Rognes Solbu
(red.)
Med foto av Benedikte Skarvik
Boka Søsken er redigert av to systrepar og inneheld nyskrive skjønnlitteratur med søskentematikk og essay om søskenforhold i litteraturen. Antologien undersøkjer òg søskenskapet frå andre perspektiv: personleg, etymologisk, naturvitskapleg og visuelt. Intervjuserien «I søskenskapet» gjev eit ærleg og kjærleg innblikk i søskenrelasjonane til tolv ulike personar med høgst ulike søskenflokkar.
Med bidrag frå: Gunnhild og Olav Øyehaug, Svein og Egil Nyhus, Vemund og Øyvind Solheim Ådland, Marte og Kirsti Huke, Anja og Mari Ulset, Kjersti Rorgemoen, Tomas Espedal, Juliane Rui, Henning Bergsvåg, Selma Lønning Aarø, Marita Liabø, Vera Kvaal, Frode Grytten, Nina Goga, Hans Sande og mange fleire.
Foto: Benedikte Skarvik.
Layout: Øystein Vidnes.
Kva er dette?
Kva er dette? Studentar på merkantilt institutt? Eit nytt og lovande elektronikaband? Niks: Live skypemøte-performance med Ratatoskredaksjonen.
Ratatosk anbefaler
Ratatosk anbefaler ei nydeleg forestilling om og med to brør som endte på heilt forskjellige stader i livet trass i same utgangspunkt på den amerikanske landsbygda. Kunne historia vore motsett, eller var det forutbestemt kven som skulle ende i fengsel og kven som endte på scena?
Spelast i Bergen og Trondheim i mai. Les meir hos BIT Teatergarasjen og Teaterhuset Avant Garden.
Tvillingprat
Den ultimate spelelista til helga
… finn du her: Bror og søster
Vi søkjer søsken til fotografering
Ratatosk søkjer søsken eller heile familiar til fotografering. Helst søskenrelsjonar som skil seg ut eller har noko spesielt ved seg. Eksempel: tvillingar, trillingar (osv.), adoptivsøsken, einebarn, stesøsken, søsken med stor aldersforskjell, stor søskenflokk, eldre søsken og liknande. Fotograferinga skal foregå i Trondheim. Tips oss! Ta kontakt med Benedikte Skarvik: benedikteskarvik@gmail.com eller 41470636 så fort som mogleg!









