Om Ratatosk

Ratatosk er eit kunstnarisk prosjekt som har publisert sju tidsskriftnummer og ei bok. I framtida er det mogleg at vi kjem til å finne på heilt andre og nye ting. Ratatosk er eit kreativt utgangspunkt.

Det er eit viktig mål for Ratatosk er å presentere unge, nyskapande forfattarar og kunstnarar. Vi publiserer tekstar med lang haldbarheitstid og som aktiviserer lesarane. Ratatosk vil bidra til å vidareutvikle og å synleggjera det litterære og kreative miljøet i Midt-Noreg. Ratatosk er eit desentraliserande tidsskrift. Framgangsmåten vår er av ein litterær og produktiv art.

Namnet Ratatosk er henta frå norrøn mytologi. Det halvfrekke og nysgjerrige ekornet Ratatosk sprang opp og ned i treet Yggdrasil med bodskap mellom dragen ved røtene og ørnene i toppen. Også tidsskriftet Ratatosk skal fungere som ein formidlar. Ratatosk vart etablert i Trondheim i 2004 av David Aasen, Dag Jørgen Hansen og Guri Sørumgård Botheim.

Ratatosk er medlem i Norsk Tidsskriftforening.

Det er stengt for kommentarer.