Vi søkjer søsken til fotografering

Ratatosk søkjer søsken eller heile familiar til fotografering. Helst søskenrelsjonar som skil seg ut eller har noko spesielt ved seg. Eksempel: tvillingar, trillingar (osv.), adoptivsøsken, einebarn, stesøsken, søsken med stor aldersforskjell, stor søskenflokk, eldre søsken og liknande. Fotograferinga skal foregå i Trondheim. Tips oss! Ta kontakt med Benedikte Skarvik: benedikteskarvik@gmail.com eller 41470636 så fort som mogleg!

 

Publisert i Nyheter | 2 kommentarer

Møte i Ratatoskredaksjonen 22. februar. Tema: genetikk.

Vi lærte at alle menneske er 99,5% genetisk like kvarandre. Ingrid vedkjenner seg maksimum 50% likskap med Kjersti når Kjersti er frekk og 99,75% likskap, som er meir realistisk, når Kjersti sender gåve i posten. Sigrid er 99,75% lik Guri, og kanskje til og med 99,80%, fordi Guri og Sigrid kjem frå innlandet. Og så finst det menneske som er sin eigen bror eller syster, og det føregår slik: På eit tidleg tidspunkt inni magen, når ein berre består av nokre få stamceller, smeltar to tvillingar saman til ein kropp. På denne måten kan ulike delar av kroppen, som ulike delar av hjernen, vere genetisk sett ulike heilsøsken innad i same person.
Publisert i Nyheter | Skriv en kommentar

Boomerang book-throwing action!

…og eit lite hint om temaet for neste utgåve av Ratatosk.

Publisert i Nyheter | 1 kommentar